Den basslause trioen Bmx har spelt saman sidan våren 2006. Den opprinnelege tanken var å spele ein konsert, med musikk inspirert av Motian-Frisell-Lovano-trioen. Njål og Thomas hadde då spela saman i Dingobats i 10 år, medan Øyvind hadde hatt dei begge som lærarar henholdsvis på Sund folkehøgskule og Griegakademiet. Musikken tok snart si eiga retning og fokuset vart umiddelbart flytta mot eige materiale, med intensjonen om å dra det komponerte i nye retningar ved kvar gjennomspeling.
BMX vart sentrale i det utøvande masterprosjektet som Thomas Dahl og Njål Ølnes gjennomførte ved NTNU, 2007-2009. Den berande ideen ved dette prosjektet var å oppsøke «farar»; sider ved seg sjølve dei var ukomfortable eller lite kjende med. Dette resulterte i ulike prosjekt som omfatta klang- og støyimprovisasjon (med Ingar Zach, Ståle Storløkken, Rolf-Erik Nystrøm og Bjørnar Habbestad), improvisasjon bygd på kompliserte metriske strukturar (med Hilmar Jensson) og improvisasjonar/konsertar som blanda inn meir performative element, og som utfordra dei scenisk (med Per Jørgensen).
Samarbeidet med Per Jørgensen vart så musikalsk vellukka at det resulterte i eit vidare kvartettsamarbeid.
Som kvartett har BMX gjeve ut to CD-plater, den første (Bergen Open) i 2010 og den siste (Rozel Point )i 2014.
NJÅL ØLNES tenor saksofon
THOMAS T DAHL gitar
ØYVIND SKARBØ trommer
PER JØRGENSEN trompet, vokal, perkusjon