Ei undersøking av metodar for å utvikle det improviserte samspelet i band som jobbar saman over tid.
PROBLEMSTILLING - FORSKINGSSPØRSMÅL
Der ph.d.-avhandlinga mi spesifikt tek føre seg det friimproviserte samspelet, vil eg i mitt postdoktorprosjekt bruke eit breiare improvisasjonsomgrep. Det vil framleis vera snakk om musikk som har improvisasjon som arbeidsmåte, men eg vil definere improvisasjon slik Even Ruud her gjer det:
Improvisation means process oriented activities where the relation between two or more persons is regulated through a common configuration and exploration of musical elements. Music will here consist of the common musical work that happens in the process. (Ruud 2010:75f).
Denne definisjonen av improvisasjon femner både såkalla idiomatisk og ikkje-idiomatisk improvisasjon. Den legg vekt på den felles utforskinga av musikalsk materiale som skjer mellom to eller fleire spelarar. Og den legg vekt på den felles konfigurasjonen, samanstillinga av musikalske element; den felles skapande aktiviteten.
Det er nettopp dette spennet mellom dei gitte, planlagde strukturane og den spontane konfigurasjonen av musikalske strukturar, mitt prosjekt har som mål å utforske.
Høvet mellom strategi og spontanitet, mellom det kalkulerande og det intuitive, inneheld problemstillingar som er evige for improvisasjonskunsten:
- Kan ein øve på å vera spontan og intuitiv?
- Kan det å gjere musikarane medvitne om sin eigen posisjon i samspelet, si eiga klangbruk og mulege formbyggande prosessar i bandet, vera ein hemsko for kreativ og spontan musisering, eller er det tvert imot ein føresetnad?
- Er fri improvisasjon, med sin korte lyttehorisont, ein totalt annan prosess enn meir formbunden improvisasjon, med ein lengre lyttehorisont?
Improvisasjonar vil finne stad i spennet mellom ei kortsiktig lytting her-og-no og ei meir langsiktig og planlagt lytting. Avtalte idear, former og stader ein ønskjer seg innom vil utfordre den lyttinga som skjer i det aktuelle no. Eit forsøk på å tvinge fram bestemte eller kompliserte former kan fort ende med at ein ikkje er merksam på dei teikna og dei musikalske ideane som medspelarane kjem med i augneblinken.
Samstundes kan ei for kortsiktig lyttehorisont gjere at samspelet vert automatisert, at me går til dei stadene me kjenner og har vore på før, utan at me er medvitne om dette.
Dei meir generelle spørsmåla eg stilte i starten, vil eg her konkretisere ned til ei problemstilling med meir praktiske forskingsspørsmål; dei spørsmåla eg vil søke å svare på gjennom dette forskingsprosjektet:
Kan det å gjere medvitent roller og åtferd i samspelet, bruken av klangkarakterar og formbyggande element, endre dei spontane vala ein tek i seinare improvisasjonar?
- Korleis kan eit ensemble trena medvitent på ulike formbyggande prosessar, slik at ”heile skalaen, frå enkle former til komplekse former” seinare kan inngå som ein naturleg og spontan del av improvisasjonane?
- Vil ei slik medviten trening på formelement, påverke kommunikasjonen i eit improviserande band, når det kjem til felles referansar, ”peikarar” og teikn?
- Dersom klangkarakterar heng saman med kva rollar en tek i samspelet, vil då ei utforsking og utvikling av nye klangkarakterar kunne skape meir variasjon i rollebruk og rollefordeling i ensemblet?
- Vil endringar i rollebruk og rollefordeling vidare medføre endringar for dei estetiske vala ensemblet tek?