Dingobats

Dingobats

Dingobats [1996-2005]

EIRIK HEGDAL - saksofon, komponist

NJÅL ØLNES - saksofon

THOMAS T DAHL - gitar

MATS EILERTSEN - bass

SVERRE GJØRVAD - trommer

Namnet Dingobats har forvirra mang ein sjel: det indikerer ei blanding av australske villhundar, flaggermus, font-type og pianisten Django Bates.

No er dingobats eit omgrep som ein slepp å forklare, i alle fall til dei som har følgt litt med i norsk jazzmusikk dei siste åra. Dingobats er klangen av et spesielt band. Det er eit lydbilete du kjenner igjen, som ein farge eller som ein gamal og god venn.
Dingobats hadde den lukke å få jobbe saman 10 år. Det er det svært få band forunt . Gjennom møte mellom 5 individuelle og til dels ulike musikarar, vart uttrykket slipt til som det norske grunnfjellet. 
Tidleg Dingobats let nok annleis enn seint Dingobats; litt villare og litt meire hurlumhei i låtval og soloføring. Seint Dingobats kjennes med sine orkestrale klangflater, samanfletta linjer og solopartier som veks ut av det kollektive for så å verte vevd saman igjen.
Gjennom alle 10 åra var det først og fremst komposisjonene til Eirik Hegdal som  var berebjelken i bandet; intrikate og morosame, fulle av små hint til heile jazzhistoria. Litt linjebasert cooljazz, litt suggererande bluesgrynting, melankolske og ”norske” tonegangar som ”…duftede av folklore” (- B.Rabinovitch, Politiken).
Og heile tida klare, små hentydingar til Hegdals musikalske vegvisarar; Wayne Shorter og Django Bates. Ja, for sjølvsagt er bandnavnet ein hyllest til den geniale engelskmann!!