Njål Ølnes (født 24. september 1965 i Sogndal) er ein norsk tenorsaksofonist, komponist, forskar og jazzpedagog for tida busett på Nesodden. Han er utdanna frå Jazzlinja (NTNU) 1988-92 og var i mange år lærar på Sund folkehøgskole (1996-2007), der han var ei sentral drivkraft bak den vitale jazzlinja. Han var også flerårig leiar av Inderøy Jazzforum og arrangør av den vesle feinschmecker-jazzfestivalen «Soddjazz» på Inderøy. Sidan 2003 har Ølnes undervist i ensemble og hovedinstrument på Jazzlinja (NTNU) i Trondheim og ved jazz/impro- og folkemusikklinja på Norges Musikhøgskole (NMH). Njål Ølnes har mellom anna spelt i treblåsartrioen Decoy med Trygve Seim og Håvard Lund ; i Dingobats med Eirik Hegdal saxofoner, Thomas T. Dahl gitar, Mats Eilertsen bass og Sverre Gjørvad trommer ; i African Pepperbirds med Bjørn Ole Solberg altsax, Vigleik Storaas/Erlend Slettevold piano, Mattis Kleppen bass og Tor Haugerud/Kenneth Kapstad trommer ; i Gibrish med Michael Francis Duch bass, Kjetil Møster tenorsax og Tor Haugerud trommer; i Trondheim Jazzorkester under kunstnerisk ledelse av Eirik Hegdal.
Sidan 2007 har Ølnes vore mest aktiv med den basslause trioen BMX, med gitarist Thomas T. Dahl og Øyvind Skarbø, trommer. BMX ble i 2008 utvida til kvartett, med Per Jørgensen på vokal og trompet. Og i 2017 utvida til sekstetten BmXL, med Eirik Hegdal på treblås og Ståle Storløkken på tangentinstrument.
I 2016 tok Ølnes sin doktorgrad ved NMH, med nettopp BMX som «forskningsobjekt» og medforskarar. I avhandlinga «Frå små teikn til store former-Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi», undersøker Ølnes ved hjelp av analyseverktøyet auditiv sonologi korleis klangbruk og formdanning heng nøye saman og korleis spelarane forsøker å komplementere og føregripe kvarandre i noko som kan minne om rollar.
2016 – 2020 var Njål Ølnes postdoktor ved jazzlinja-NTNU, med prosjektet «Utviding av det kollektive minne», der han forska på undervisningsmetodar i improviserande ensemble. Stikkord her er improvisasjon, klanganalyse, lytting, refleksjon, rollar, relasjonar.
For tiden er Njål Ølnes professor ved Institutt for kunstfag og kulturstudier, Høgskolen i Innlandet, professor II ved NLA-høgskolen i Staffeldtsgate, samt underviser ensemble ved jazzlinja, NTNU, og ved folkemusikkstudiet på Norges musikkhøgskole.