BmXL

BmXL
Foto: Terje Mosnes

Songar i sanntid


Det som opphaveleg starta som ein trio på Nattjazz i 2006, har med åra blitt ganske lubben. Opprinneleg skulle dei berre spela ein konsert med musikk inspirert av Motian-Frisell-Lovano. Musikken tok snart si eigen retning og fokuset vart beinveges flytta til eige materiale. Komposisjonane er i hovudsak skrivne av Njål Ølnes, men etter at denne gjengen får fingrane i det er det ikkje lenger tydeleg kva som er planlagt og kva som oppstår her og no. BMX var spontanitet, fantastiske melodiske tema, og eit stjernelag av musikarar. ‎BmXL er det same, berre enda meir.


NJÅL ØLNES tenorsaksofon 

EIRIK HEGDAL treblås 

PER JØRGENSEN trompet, perk,  røyst 

STÅLE STORLØKKEN tangentar 

THOMAS T DAHL gitar 

ØYVIND SKARBØ trommer