Fra små teikn til store former

Page_bilete
Fra små teikn til store former - hovedbilde

 

I mitt doktorgradsarbeid ved NMH (Norges Musikkhøgskole), har eg forska på korleis musikalsk form oppstår i det improviserte samspelet, dvs. korleis musikarane kommuniserer gjennom sjølve spelet og lyttinga. Eg har prøvd å undersøke desse kompliserte spørsmåla frå fleire hald. Først og fremst ved å spele improvisert musikk saman med kvartetten BMX, som eg deretter følgjer i eit granskande tilbakeblikk gjennom auditiv sonologianalyse (ein metode utvikla gjennom 30 år av Lasse Thoresen m.fl ved NMH), gjennom samtale med dei musikarane som skapte desse formene, samt undersøking av andre innfallsvinklar frå forskingslitteratur og annan litteratur.

Forskinga mi resulterte i ei avhandling som på grunn av sitt tema vart levert som ein interaktiv PDF og som ei ebok. Dette for at musikken skulle vere med i alle analysar og i alle diskusjonar: om eg påstår at det skjer eit brot i musikken, må lesaren kunne høyre sjølv, og vurdere om dette stemmer. Avhandlinga, Frå små teikn til store former Analysar av det improviserte samspelet med hjelp av auditiv sonologi, kan lastas ned gratis frå brage.bibsys.no. Eg meiner at studien har ein allmenn verdi. Den vil kunne gi større innsikt i ein improvisasjonspraksis som på mange måtar er språklaus, om enn ikkje lydlaus.

Sider

Artikkel i Journal for Research in Arts and Sports Education, Special Issue: “Å forske med kunsten”, Vol. 1, 2017, pp. 59–78.
Kva går føre seg når eit improviserande band byggjer form i sanntid? Njål Ølnes tek i bruk auditiv sonologianalyse i sine undersøkingar. Tekst Njål Ølnes I mitt doktorgradsarbeid ved NMH (Norges Musikkhøgskole), har eg forska på korleis musikalsk form oppstår i det improviserte samspelet, dvs.…