How to Develop Aural-Improvisational Powers in Higher Music Education: Pedagogical and Philosophical Perspectives

Denne artikkelen utforskar kva det vil seie å utvikle auditive improvisasjonsevner, i høgare musikkutdanning. Artikkelen er skreven i samarbeid med ein filosof og ein jazzpedagog/musikar, og viser fram og argumenterer for to metodar som vi meiner er godt egna for å utvikle unge (musikkstudentar) sin auditive kommunikative evner. Artikkelen utdjupar teoretiske perspektiv som passar inn i musikalsk læring. Den første metoden er utvikla av Njål Ølnes og er ein praksis for auditiv kommunikativ ensemblelæring. Vi tilbyr nye kvalitative data om korleis denne metoden fungerer, basert på et postdoktor forskningsprosjekt innan kunstnarleg og praksisbasert forskning, med ensemblet som både primær kontekst og gjenstand for undersøking. Den andre metoden er metoden for auditiv imitasjon, brukt og hylla av fleire profesjonelle jazzmusikarar over heile verda. Vi utvikler et teoretisk rammeverk informert av filosofisk hermeneutikk (Hans-Georg Gadamer og en gadameriansk lesning av Kant), utviklingspsykologi og enaktivisme. Undervegs kritiserer vi to tilnærmingar innanfor samtidlig musikkutdanning: byggesteinstilnærminga og springbretttilnærminga.