
Denne artikkelen vil med utgangspunkt ifrå tre år med ensembleundervisning (2020–2023) på folkemusikkstudiet ved Noregs musikkhøgskole (NMH) undersøke, vise fram og diskutere kva musikalsk læring er, og korleis ein analysemetode som ‘auditiv sonologi’ (AS) kan vere med å utvikle kunstnarleg utviklingsarbeid (KU) som kunnskapsfelt.
Den er ein del av antologien Å lytte med kroppen – musikalsk imitasjonslæring i praksis og teori (Red: Mattias Solli, Dagrun Astrid Aarø Engen, Ståle Finke) som vart publisert i samband med Moldejazz 2025.
Denne antologien utforskar spørsmålet om korleis me lærer å musisere, spele og synge – åleine eller saman med andre, med utgangspunkt i praksiser der musikalsk imitasjonslæring står i sentrum. Her vert det lagt vekt på verdien av å læra musikk «på øyra» – gjennom aktiv lytting og med kroppen som det viktigaste instrumentet.